Bergens Roklub er vertskap når Stiftinga Kystsogevekene arrangerer Nordåsvatn-seminar 24.01.19
Postet av Bergens Roklub den 3. Jan 2019
Fylgjande saker vert sett på dagsorden:
- Korleis utvikle vatnet, strandlina og områda rundt og holmane som attraktive rekreasjonsområde og område for ikkje-motorisert friluftsliv og aktiv vannbasert idrett som roing, segling og padling, men óg landbaserte aktivitetar som turgåing, jogging og sykling langs turstier og vegar?
- Korleis verna natur- og kulturhistorie knytt til Nordåsvatnet, med særleg fokus på vatn, vassdrag, elvar og bekker, men óg på kulturhistorie knytt til landbruk, fiske og industri?
- Korleis utarbeida tydelege mål for vern som hindrar att dagens og framtidig utvikling i og langs Nordåsvatnet får negativ påverknad på livet, naturen og menneskelivet i og kring vatnet?
https://www.youtube.com/watch?v=WqFlKYRBVSc
Basert på respons og kva seminaret frambringer av saker kan det i neste omgang dannast arbeidsgrupper (gjerne på tvers av organisasjonar) som har spesifikke målsetnader kring fylgjande tema:
– rekresjon og friluftsliv
– idrett, toppidrett, bedriftsidrett og breddeidrett
– turisme
– kulturhistorie og arbeidsliv knytt til vatnet og næraste område
– kulturformidling
– ivaretaking av natur
– Kan utfyllingar skapa nye felleskapsarenaer?
– Langsiktig ekspropriasjonspolitikk til beste for felleskapet
– Naturskule / naturbarnehage / uteskule
– Nordåsvatnets vener?
– Nordåsvatn-dag sumaren 2019? Jonsok eller under Kystsogevekene?
Førebels program (med atterhald om endringar)
Velkomst – innleiing - bakgrunn kl. 09-10
Opning ved Kjell Magnus Økland, dagleg leiar Stiftinga Kystsogevekene – 5 min
Nordåsvatnet økosystem (20 min) ved Per J. Johannessen, forskar ved Uni Miljø og UiB.
Nedløpsområdet til Nordåsvatnet dekkjer 86 km², inklusiv nedløpsområdet til Sælenvatnet som har kanal ut til Nordåsvatnet. Fylgjande vatn har utløp som endar opp i Nordåsvatnet:
• Nesttunvassdraget
Søylevatnet, Grimevatnet, Furedalsvatnet og Langavatnet, Dyngelandsvatnet, Myrdalsvatnet, Stigvatnet (ved Totland) Myravatnet, Lilletveit tjørn, Store og Lille Nesttunvann og Hopsvatnet.
• Apeltunvassdraget
Bjørnevatn, Tranevatn, Iglevann og Apeltunvatnet og Nøtttveittjørna.
• Sælenvatnet
Knappetjørna, Gjeddevatnet og Bjørndalsvatnet, Svatatjørn, Store Krokatjørn, Lauvåstjørn, Lynghaugtjørn, Orrtyvatnet og Langatjørnet (sørsida av Løvstakken).
Når ein skal utvikla bustadbygg, private og offentlege eigedomar, kjøpesentre, industriområde, verksemder og skular er det såleis viktig å ha god kunnskap om kva ein kan gjera langs elvar og vatn som renn ut i Nordåsvatnet som kan påverka naturen og levekåra for dyreliv, fugl og fiskar, insekter, amfibier, planteliv og mikroorganismar.
Ein kort rundtur gjennom kultur, historie og næringsliv ved Nordåsvatnet – (20 min) – ved John E. B. Rasmussen frå Marmorguttene
Beinstrekk og kaffipause 10 min
Nordåsvatnet i dag kl. 10 - 12
Nordåsvatnet som område for:
– Planarbeid ved Nordåsvatnet – 15 min – Mette Svanes, Plan/bygningsetaten Bergen kommune
– Reguleringsarbeid i Nordåsvatnet – 15 min – Ole Roger Lindås, Bergen kommune
– Arbeidet med fisketrapp i Hopsfossen – 15 min – Tor Arne Irgens frå Bergen Elveforum
– Idrettsliv på Nordåsvatnet – 15 minutt – ved Håkon Kryvi, komiteen for ro- og padlebanen
– Rekreasjon og friluftsliv – 15 minutt – Dag Seter, Bergen og Omland Friluftsråd
– Dugnadsarbeid på øyane – 15 minutt – Bjørn Traaholt frå Marmorguttene
– Pågåande tiltak i Sælenvassdraget – 15 min – vassdragsforvaltar Ole Sandven frå Bymiljøetaten
– Diskusjon 15 minutt
Lunsj 1200-1245 100 kr pr/deltakar. Betal per vipps (73362) eller bankkort.
1245-1345 Nordåsvatnet si framtid
– Uteskule/naturskule – 30 minutt – Hans Christian Johnsen, Hamar Naturskule
– Info om fellesnaust for tradisjonsbåtar – Kjell Magnus Økland – 15 min - sjå www.fellesnaust.no for
Beinstrekk/kaffipause
1400 Arbeidsgrupper – draumescenarioer for Nordåsvatnet, framlegg til tiltak
1430-1520 Diskusjon/debatt i plenum
1520-1530 – Avrunding – vegen vidare?
Seminaret er ope for alle interesserte.
Påmelding
Påmelding kan du ordna via denne linken
Du finn oppdatert program på www.kystsogevekene.no
Bergen, 20. desember 2018
Helsing
Kjell Magnus Økland
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Bergens Roklub
Årsmøte 17. mars
17.02.2022
Resultater NM i ergometerroing 2019
10.02.2019