Stiftinga Kystsogevekene - Nordåsvatn-seminar

Stiftinga Kystsogevekene - Nordåsvatn-seminar


Tid


Bergens Roklub er vertskap når Stiftinga Kystsogevekene arrangerer Nordåsvatn-seminar

Titusenvis av innbyggjarar i Bergen bur med utsikt til og i gangavstand frå Nordåsvatnet. Med si svært sentrale plassering er dette ein etter måten lite brukt naturressurs, men med eit stort potensiale for rekreasjon og friluftsliv for dagens og for framtidige generasjoner. For å aktualisera Nordåsvatnet inviterer Stiftinga Kystsogevekene til eit dagsseminar hjå Bergens Roklub på Langaneset.


Fylgjande saker vert sett på dagsorden:

  • Korleis utvikle vatnet, strandlina og områda rundt og holmane som attraktive rekreasjonsområde og område for ikkje-motorisert friluftsliv og aktiv vannbasert idrett som roing, segling og padling, men óg landbaserte aktivitetar som turgåing, jogging og sykling langs turstier og vegar?
  • Korleis verna natur- og kulturhistorie knytt til Nordåsvatnet, med særleg fokus på vatn, vassdrag, elvar og bekker, men óg på kulturhistorie knytt til landbruk, fiske og industri?
  • Korleis utarbeida tydelege mål for vern som hindrar att dagens og framtidig utvikling i og langs Nordåsvatnet får negativ påverknad på livet, naturen og menneskelivet i og kring vatnet?


Basert på respons og kva seminaret frambringer av saker kan det i neste omgang dannast arbeidsgrupper (gjerne på tvers av organisasjonar) som har spesifikke målsetnader kring fylgjande tema:

– rekreasjon og friluftsliv

– idrett, toppidrett, bedriftsidrett og breddeidrett

– turisme

– kulturhistorie og arbeidsliv knytt til vatnet og næraste område

– kulturformidling

– ivaretaking av natur

– Kan utfyllingar skapa nye felleskapsarenaer?

– Langsiktig ekspropriasjonspolitikk til beste for felleskapet

– Naturskule / naturbarnehage / uteskule

– Nordåsvatnets vener?

– Nordåsvatn-dag sumaren 2019? Jonsok eller under Kystsogevekene?


Førebels program (med atterhald om endringar)

 

Velkomst – innleiing - bakgrunn kl. 09-10

Opning ved Kjell Magnus Økland, dagleg leiar Stiftinga Kystsogevekene – 5 min

 

Nordåsvatnet økosystem  (20 min) ved Per J. Johannessen, forskar ved Uni Miljø og UiB.

Nedløpsområdet til Nordåsvatnet dekkjer 86 km², inklusiv nedløpsområdet til Sælenvatnet som har kanal ut til Nordåsvatnet. Fylgjande vatn har utløp som endar opp i Nordåsvatnet:

 

• Nesttunvassdraget

Søylevatnet, Grimevatnet, Furedalsvatnet og Langavatnet, Dyngelandsvatnet, Myrdalsvatnet, Stigvatnet (ved Totland) Myravatnet, Lilletveit tjørn,  Store og Lille Nesttunvann og Hopsvatnet.

 

• Apeltunvassdraget

Bjørnevatn, Tranevatn, Iglevann og Apeltunvatnet og Nøtttveittjørna.

 

• Sælenvatnet

Knappetjørna, Gjeddevatnet og Bjørndalsvatnet, Svatatjørn, Store Krokatjørn, Lauvåstjørn, Lynghaugtjørn, Orrtyvatnet og Langatjørnet (sørsida av Løvstakken).

 

Når ein skal utvikla bustadbygg, private og offentlege eigedomar, kjøpesentre, industriområde, verksemder og skular er det såleis viktig å ha god kunnskap om kva ein kan gjera langs elvar og vatn som renn ut i Nordåsvatnet som kan påverka naturen og levekåra for dyreliv, fugl og fiskar, insekter, amfibier, planteliv og mikroorganismar.

 

Ein kort rundtur gjennom kultur, historie og næringsliv ved Nordåsvatnet – (20 min) – ved John E. B. Rasmussen frå Marmorguttene

 

Beinstrekk og kaffipause 10 min

 

Nordåsvatnet i dag kl. 10 - 12

Nordåsvatnet som område for:

– Planarbeid ved Nordåsvatnet – 15 min – Mette Svanes, Plan/bygningsetaten Bergen kommune 

– Reguleringsarbeid i Nordåsvatnet – 15 min – Ole Roger Lindås, Bergen kommune

– Arbeidet med fisketrapp i Hopsfossen – 15 min – Tor Arne Irgens frå Bergen Elveforum

– Idrettsliv på Nordåsvatnet – 15 minutt – ved Håkon Kryvi, komiteen for ro- og padlebanen

– Rekreasjon og friluftsliv – 15 minutt – Dag Seter, Bergen og Omland Friluftsråd

– Dugnadsarbeid på øyane – 15 minutt – Bjørn Traaholt frå Marmorguttene

– Pågåande tiltak i Sælenvassdraget – 15 min – vassdragsforvaltar Ole Sandven frå Bymiljøetaten

– Diskusjon 15 minutt

 

Lunsj 1200-1245 100 kr pr/deltakar. Betal per vipps (73362) eller bankkort.

 

1245-1345 Nordåsvatnet si framtid

– Uteskule/naturskule – 30 minutt – Hans Christian Johnsen, Hamar Naturskule

– Info om fellesnaust for tradisjonsbåtar – Kjell Magnus Økland – 15 min - sjå www.fellesnaust.no for

 

Beinstrekk/kaffipause

 

1400 Arbeidsgrupper – draumescenarioer for Nordåsvatnet, framlegg til tiltak

1430-1520 Diskusjon/debatt i plenum

1520-1530 – Avrunding – vegen vidare?

 

Seminaret er ope for alle interesserte.


Påmelding
Påmelding kan du ordna via denne linken


Du finn oppdatert program på www.kystsogevekene.no


Følg gjerne arrangementet på Facebook:

https://www.facebook.com/events/2332000177031233/



Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.